Logo

    klimatilpassing

    Explore "klimatilpassing" with insightful episodes like "Ta våtmarka tilbake!", "Den fantastiske skogen" and "Nytt klima gir nye utfordringar" from podcasts like ""For folk og natur", "For folk og natur" and "For folk og natur"" and more!

    Episodes (3)

    Ta våtmarka tilbake!

    Ta våtmarka tilbake!

    Noreg er eit av landa i Europa med størst variasjon av våtmarker. Våtmarkene er viktige både for biologisk mangfald, karbonlagring og klimatilpassing. Likevel er våtmarkene nokre av dei mest trua naturtypane vi har.

    Ofte er det fordi vi menneske vil bruke dem til noko – og derfor øydelegg vi dei. For eksempel drenerer vi myr.

    Men – det går an å restaurere våtmark – og få den til å bli frisk att. Det vil FN og Miljødirektoratet at vi skal gjere. Dei har dette som særleg satsing dette tiåret. Direktoratet finansierer restaureringa.

    Les meir: Restaurering av våtmark | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)

    Å restaurere våtmark snakkar vi om i denne utgaven av podkasten «For folk og natur».

    Med i podkasten er Pernille Stordal Rønning og Solveig Silset Berg, rådgivarar i miljøvernavdelinga til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

    Lars Levende Jakobsen har ansvaret for lyden, og Lena Skattum Sandvik er produsent og programleiar.   

    Denne episoden vart publisert 22.06.2023.

    For folk og natur

    Les meir om podkasten «For folk og natur» her …

    Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.

    Den fantastiske skogen

    Den fantastiske skogen

    Tømmeret vi tar ut fra skogen gir inntekter og sysselsetter. Samtidig skal vi ta vare på naturen og det yrande livet i skogen. Skogen gir oss oksygen og lagrar karbon. Statsforvalteren i Møre og Romsdal har i oppdrag å forvalte skogen. 

    Veit du kvifor vi er mest opptatt av å hente ut grantømmer frå skogane i Møre og Romsdal? Og at vi faktisk har regnskog i fylket som bør få stå heilt i fred?

    Drift og vern av skog er det vi snakker om i denne utgaven av «For folk og natur».

    Med i podkasten er statsforvaltar Else-May Norderhus, fylkesskogmeister Åsmund Asper og rådgiver Hege Steigedal.

    Kommunikasjonsrådgivar Lena Skattum Sandvik er produsent og leiar programmet. Lars Levende Jacobsen har ansvaret for lyden.   

    Denne episoden vart publisert 09.05.2023.

    For folk og natur

    Les meir om podkasten «For folk og natur» her …

    Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.

    Nytt klima gir nye utfordringar

    Nytt klima gir nye utfordringar

    Klimaet endrar seg. Og med klimaet blir også vêret endra. I Møre og Romsdal vil vi sjå meir kraftig nedbør og auka problem med overvatn. Vi vil sjå at havnivået stig, stormflo og større og fleire flaumar. Vi vil også få fleire skred av jord og stein. I denne podkasten får du høyre kordan vi hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal arbeider saman med andre regionale aktørar for å tilpasse oss klimaendringene som vi allerede ser, og som vi veit vil bli sterkare.

    Logo

    © 2024 Podcastworld. All rights reserved

    Stay up to date

    For any inquiries, please email us at hello@podcastworld.io