Logo

    Festspelpodden: Stormfulle høgder

    noJuly 02, 2020
    What was the main topic of the podcast episode?
    Summarise the key points discussed in the episode?
    Were there any notable quotes or insights from the speakers?
    Which popular books were mentioned in this episode?
    Were there any points particularly controversial or thought-provoking discussed in the episode?
    Were any current events or trending topics addressed in the episode?

    About this Episode

    I høve Digitale festspel 2020 presenterer vi denne samtalen med Ragnar Hovland og Øystein Vidnes som har gjendikta klassikaren «Stormfulle høgder», skriven av Emily Brontë. Anna Kleiva tek oss med inn i prosessen og gjer oss betre kjend med boka.

    Kleiva møtte Ragnar Hovland i studio i Oslo, medan Vidnes blei kopla på frå kontoret sitt i Leikanger.

    Ragnar Hovland (f. 1952) er forfattar og omsetjar som har skapt eit tekstunivers der det konkrete og det mytiske, det kvardagslege og det absurde vert kopla saman. Les meir hos Allkunne.

    Øystein Vidnes (f. 1976) er forfattar og formgivar, omsetjar og bokmeldar. Bøkene hans har ein humoristisk og eksperimentell stil, på grensa til det surrealistiske. Les meir hos Allkunne.

    Anna Kleiva (f. 1985) er lyrisk forfattar og omsetjar, og ho har markert seg med ei nyskapande poetisk stemme. I samband med Digitale festspel 2020 vil ho leie samtalen i to podkastar.

    Digitale festspel 2020 held fram til om lag 10. juli. Nye innslag blir publisert kvar veke på nynorsk.no, og du kan sjekke ut programmet når det passar for deg.

    Recent Episodes from Nynorsk no

    Skeiv litteraturfest: Å lese Vesaas med skeive briller - Litteraturdagane 2022

    Skeiv litteraturfest: Å lese Vesaas med skeive briller - Litteraturdagane 2022

    I 2022 er det 50 år sida kjærleik mellom likekjønna blei avkriminalisert i Noreg. Nynorsk kultursentrum ynskjer å markere skeivt kulturår gjennom å formidle samtaler om skeiv litteratur.
    I denne episoden får du høyre eit føredrag med Per Espen Myren-Svelstad om det å lese Tarjei Vesaas med skeive briller. Opptaket er redigert og blei gjort under Litteraturdagane 2022.

    Nynorsk no
    noDecember 02, 2022

    Festspeldiktaren: Stein Versto

    Festspeldiktaren: Stein Versto

    I årets siste episode hos vår podkast, Nynorsk no, får du høyre samtalen med festspeldiktar Stein Versto. Samtalen er leia av den prislønte forfattaren Ingrid Storholmen, og gjekk føre seg i Aasen-tunet 18. oktober 2020. Storholmen har god kjennskap til forfattarskapen til Versto og losa publikum gjennom ein spennande og variert karriere. 

    Stein Versto debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene (1990) og har seinare gitt ut to diktbøker. Han har òg omsett litteratur, både songtekstar, barnebøker, ein roman og ein operalibretto. Sjølv har han skrive tekstar til fleire artistar, og står også bak romanen Nidaros (2013). Han er hardingfelespelar og samarbeider både med spelemenn og kvedarar, og han har skrive om folkemusikk og folkedikting. Fela blir også med til Aasen-tunet denne ettermiddagen.
     
     Odd Nordstoga og Stein Versto har saman vore festspeldiktarar i 2020. Det mest kjende samarbeid mellom dei to er songen «Frøken Franzen», og der er ei lang rekkje fleire songar frå Nordstoga som Versto har skrive tekstar til. På nynorsk.no kan du finne ei rekkje innslag som festspeldiktarane og andre har laga til Digitale festspel 2020.

    Stader for skrift: Marit Kaldhol

    Stader for skrift: Marit Kaldhol

    Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk.

    I denne episoden blir Marit Kaldhol intervjua av Bjørn Vatne.

    Marit Kaldhol er ein forfattar frå Ålesund. Særmerket hennar er biletbøker for barn og poetiske forteljingar for unge.

    Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodaene til Stader for skrift.

    Stader for skrift: Jan Ove Ulstein

    Stader for skrift: Jan Ove Ulstein

    Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk.

    I denne episoden blir Jan Ove Ulstein intervjua av Bjørn Vatne.

    Jan Ove Ulstein er teolog og forfattar av meir enn 20 bøker. Han er oppteken av forholdet mellom kyrkje og samfunn.

    Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodaene til Stader for skrift

    Logo

    © 2024 Podcastworld. All rights reserved

    Stay up to date

    For any inquiries, please email us at hello@podcastworld.io