Logo

    Nynorsk no

    Dette er ein podkast som tek opp aktuelle tema innan språk, kultur og kunnskap. Her finn du god underhaldning samstundes som du kan lære noko nytt og spennande. Podkasten er produsert av Nynorsk kultursentrum.
    no19 Episodes

    People also ask

    What is the main theme of the podcast?
    Who are some of the popular guests the podcast?
    Were there any controversial topics discussed in the podcast?
    Were any current trending topics addressed in the podcast?
    What popular books were mentioned in the podcast?

    Episodes (19)

    Skeiv litteraturfest: Å lese Vesaas med skeive briller - Litteraturdagane 2022

    Skeiv litteraturfest: Å lese Vesaas med skeive briller - Litteraturdagane 2022

    I 2022 er det 50 år sida kjærleik mellom likekjønna blei avkriminalisert i Noreg. Nynorsk kultursentrum ynskjer å markere skeivt kulturår gjennom å formidle samtaler om skeiv litteratur.
    I denne episoden får du høyre eit føredrag med Per Espen Myren-Svelstad om det å lese Tarjei Vesaas med skeive briller. Opptaket er redigert og blei gjort under Litteraturdagane 2022.

    Nynorsk no
    noDecember 02, 2022

    Festspeldiktaren: Stein Versto

    Festspeldiktaren: Stein Versto

    I årets siste episode hos vår podkast, Nynorsk no, får du høyre samtalen med festspeldiktar Stein Versto. Samtalen er leia av den prislønte forfattaren Ingrid Storholmen, og gjekk føre seg i Aasen-tunet 18. oktober 2020. Storholmen har god kjennskap til forfattarskapen til Versto og losa publikum gjennom ein spennande og variert karriere. 

    Stein Versto debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene (1990) og har seinare gitt ut to diktbøker. Han har òg omsett litteratur, både songtekstar, barnebøker, ein roman og ein operalibretto. Sjølv har han skrive tekstar til fleire artistar, og står også bak romanen Nidaros (2013). Han er hardingfelespelar og samarbeider både med spelemenn og kvedarar, og han har skrive om folkemusikk og folkedikting. Fela blir også med til Aasen-tunet denne ettermiddagen.
     
     Odd Nordstoga og Stein Versto har saman vore festspeldiktarar i 2020. Det mest kjende samarbeid mellom dei to er songen «Frøken Franzen», og der er ei lang rekkje fleire songar frå Nordstoga som Versto har skrive tekstar til. På nynorsk.no kan du finne ei rekkje innslag som festspeldiktarane og andre har laga til Digitale festspel 2020.

    Stader for skrift: Marit Kaldhol

    Stader for skrift: Marit Kaldhol

    Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk.

    I denne episoden blir Marit Kaldhol intervjua av Bjørn Vatne.

    Marit Kaldhol er ein forfattar frå Ålesund. Særmerket hennar er biletbøker for barn og poetiske forteljingar for unge.

    Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodaene til Stader for skrift.

    Stader for skrift: Jan Ove Ulstein

    Stader for skrift: Jan Ove Ulstein

    Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk.

    I denne episoden blir Jan Ove Ulstein intervjua av Bjørn Vatne.

    Jan Ove Ulstein er teolog og forfattar av meir enn 20 bøker. Han er oppteken av forholdet mellom kyrkje og samfunn.

    Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodaene til Stader for skrift

    Stader for skrift: Knut Ødegård

    Stader for skrift: Knut Ødegård

    Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk.

    I denne episoden blir Knut Ødegård intervjua av Bjørn Vatne.

    Knut Ødegård er forfattar av meir enn 40 bøker. Han skriv innanfor ei tradisjonell realistisk form med eit klangfullt språk. Han har skrive bøker for barn og unge, skodespel, romanar og dokumentarar.

    Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodaene til Stader for skrift

    Stader for skrift: Brit Bildøen

    Stader for skrift: Brit Bildøen

    Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk.

    I denne episoden blir Brit Bildøen intervjua av Bjørn Vatne.

    Brit Bildøen er forfattar av barnebøker, romanar og lyrikk, og ho har i tillegg arbeidd med gjendiktingar. Som forfattar går ho gjerne inn på tema som er tidsaktuelle, men lite skrivne om skjønnlitterært.

    Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodaene til Stader for skrift

    Stader for skrift: Mette Karlsvik

    Stader for skrift: Mette Karlsvik

    Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk.

    I denne episoden blir Mette Karlsvik intervjua av Bjørn Vatne.

    Mette Karlsvik er fødd i Bodø. Ho voks opp på Frei på Nordmøre og er busett i Oslo. Ho skriv energisk, sprudlande og kreativt med korte setningar og eit oppfinnsamt språk.

    Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodaene til Stader for skrift

    Stader for skrift: Hilde Myklebust

    Stader for skrift: Hilde Myklebust

    Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk.

    I denne episoden blir Hilde Myklebust intervjua av Bjørn Vatne.

    Hilde Myklebust er ein forfattar og småbrukar frå Vanylven. Både i dikt og romanar skriv ho vart og rikt om naturen og menneska som bur i han, for vaksne og for born.

    Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodaene til Stader for skrift

    Stader for skrift: Svein Sæter

    Stader for skrift: Svein Sæter

    Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk.

    I denne episoden blir Svein Sæter intervjua av Bjørn Vatne.

    Svein Sæter er ein forfattar og journalist frå Nordmøre. Han har skrive fagbøker om historiske tema og personar, mellom anna om den andre verdskrigen og diktaren Hans Hyldbakk.

    Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodaene til Stader for skrift

    Festspelpodden: Stormfulle høgder

    Festspelpodden: Stormfulle høgder

    I høve Digitale festspel 2020 presenterer vi denne samtalen med Ragnar Hovland og Øystein Vidnes som har gjendikta klassikaren «Stormfulle høgder», skriven av Emily Brontë. Anna Kleiva tek oss med inn i prosessen og gjer oss betre kjend med boka.

    Kleiva møtte Ragnar Hovland i studio i Oslo, medan Vidnes blei kopla på frå kontoret sitt i Leikanger.

    Ragnar Hovland (f. 1952) er forfattar og omsetjar som har skapt eit tekstunivers der det konkrete og det mytiske, det kvardagslege og det absurde vert kopla saman. Les meir hos Allkunne.

    Øystein Vidnes (f. 1976) er forfattar og formgivar, omsetjar og bokmeldar. Bøkene hans har ein humoristisk og eksperimentell stil, på grensa til det surrealistiske. Les meir hos Allkunne.

    Anna Kleiva (f. 1985) er lyrisk forfattar og omsetjar, og ho har markert seg med ei nyskapande poetisk stemme. I samband med Digitale festspel 2020 vil ho leie samtalen i to podkastar.

    Digitale festspel 2020 held fram til om lag 10. juli. Nye innslag blir publisert kvar veke på nynorsk.no, og du kan sjekke ut programmet når det passar for deg.

    Festspelpodden: Ny norsk krim

    Festspelpodden: Ny norsk krim

    Er krim best på nynorsk? Eller er det nynorsken som treng krimbøkene? Og har krimsjangeren for låg status?

    I samband med Digitale festspela 2020 presenterer vi denne samtalen med krimforfattarane Ruth Lillegraven og Randi Fuglehaug. Her møter dei Maria Horvei, journalist og redaktør i Vinduet, for å snakke om krimromanane Alt er mitt (Lillegraven 2018) og Fallesjuke (Fuglehaug 2020).

    Ruth Lillegraven (f. 1978) er ein forfattar som skriv episk og forteljande, både i dikt- og romanform. Lillegraven var festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2016. Alt er mitt er den første krimboka hennar.

    Les meir på Allkunne

    Randi Fuglehaug (f. 1980) er journalist og forfattar Ho skriv både sakprosa og skjønnlitteratur for barn og vaksne. Fallesjuke er det første krimboka hennar.

    Maria Horvei (f. 1988) er journalist og redaktør i det litterære tidsskriftet Vinduet.

    Digitale festspela 2020 held fram til rundt 10. juli. Vi publiserer nye innslag kvar veke på nynorsk.no, og du kan utforske programmet og innslaga når det passar for deg.

    Festspelpodden: Det kvite kortet

    Festspelpodden: Det kvite kortet

    I høve Digitale festspel 2020 presenterer vi denne samtalen med Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen, som har gjendikta to verk av den amerikanske forfattaren Claudia Rankine: Medborgar og Det kvite kortet. Samtalen er leia av Anna Kleiva.

    Dette opptaket blei spelt inn fredag 29. mai, berre nokre dagar etter at George Floyd blei drepen av politibetjentar i USA og folk der tok til gatene for å demonstrere mot rasisme og politivald. Sidan den fredagen har situasjonen i USA blir enda meir tilspissa, med demonstrasjonar i alle delstatar statar og utstrakt bruk av vald frå styresmaktene. Såleis har denne samtalen blitt enda meir aktuell enn vi først trudde, i og med at diktinga til Claudia Rankine nettopp handlar om spørsmål om rasisme, klasse og meir. I samtalen blir det snakka både om Rankine sine perspektiv og erfaringane og perspektiva til Lundestad Joof og Leganger Iversen som har gjendikta bøkene hennar. Saman med Kleiva les dei også nokre utvalde passasjer frå Det kvite kortet.

    Camara Lundestad Joof (f. 1988) er ein norsk-gambisk scenekunstnar og dramatikar. Det kunstnariske arbeidet hennar er i hovudsak dokumentarisk og tek for seg interseksjonalitet, dekolonialisme og normkritikk. Ho er med og leiar Den Mangfaldige Scenen, og har spela over to hundre framsyningar i Skandinavia med den sjølvbiografiske soloførestillinga Pavlovs tispe. I tillegg til gjendiktingane av Claudia Rankine står Joof bak boka Eg snakkar om det heile tida, hjå Samlaget.

    Kristina Leganger Iversen (f. 1989) er litteraturvitar, forfattar og omsetjar som skriv skjønnlitteratur i grenselandet mellom prosa og lyrikk. I tillegg til gjendiktingane av Claudia Rankine har Iversen skrive boka Bli mor no? (2019) og romanane Hjartemekanikk (2011) og Ringane (2015).

    Anna Kleiva (f. 1985) er lyrisk forfattar og omsetjar, og ho har markert seg med ei nyskapande poetisk stemme. I samband med Digitale festspel 2020 vil ho leie samtalen i to podkastar.

    Digitale festspel 2020 held fram til om lag 10. juli. Nye innslag blir publisert kvar veke på nynorsk.no, og du kan sjekke ut programmet når det passar for deg.

    12. og 13. juni sender vi direkte i samarbeid med Oclin og vierlive.no. Den 12. juni kan du få oppleve festspeldiktarane Odd Nordstoga og Stein Versto i samtale med Finn Tokvam, og 13. juni blir det konsert med Edvard Hoem og døtra hans, Ine Hoem. All informasjon og billettar kan du finne på nynorsk.no

    Festspela 2019: Forteljinga om oss

    Festspela 2019: Forteljinga om oss

    I denne første episoden av podkasten Nynorsk no får du høyre eit opptak frå Dei nynorske festspela 2019, der Kjartan Fløgstad, Eli Bjørhusdal, Inger Marie Okkenhaug og Heming Gujord diskuterer og dekonstrurer (delar av) forteljinga om vår eigen kultur.

    Forfattar Kjartan Fløgstad debuterte i 1968, og har ein rikhaldig forfattarskap som både utfordrar og løftar fram viktige kjenneteikn ved vår kultur i vid forstand, og kanskje særleg tilhøve mellom klasse og kultur. Les meir om Fløgstad hjå Allkunne: https://www.allkunne.no/framside/biografiar/f/kjartan-flogstad//89/11857/

    Språkforskar Eli Bjørhusdal har gjort eit viktig forskingsarbeid om kvinnene i den nynorske kulturhistoria, og har noko å formidle om korleis desse har blitt gløymt og kva dette betyr for det store "vi"-et i målrørsla. Les meir om Bjørhusdal hjå Allkunne:
    https://www.allkunne.no/framside/biografiar/b/eli-bjorhusdal//85/937/

    Inger Marie Okkenhaug bidreg med sine perspektiv som historikar og drøftar kor vidt vårt "vi" stoggar med landegrensene. Okkenhaug har særskild erfaring med misjonshistorie og soleis eit viktig kapittel om nordmenns aktivitet i den store verda. Les meir om hennar arbeid hjå Høgskulen i Volda:
    https://www.hivolda.no/tilsette/historie/inger-marie-okkenhaug

    Samtalen blei leia av Heming Gujord, som i tillegg til å vere Fløgstad-ekspert og forfattar bak boka Fløgstad verk, om Kjartan Fløgstad sin forfattarskap, er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Les meir om hans arbeid hjå Universitet i Bergen: https://www.uib.no/personer/Heming.Gujord

    Du kan lese meir om boka Fløgstad verk her:
    https://samlaget.no/products/flogstad-verk-skriftprosessar-produksjonslinjer-1?fbclid=IwAR0cJ2hJOxx8d-1-Dp3rl4y-6xUXAhuGX5cm_TqXHRzGB5622tA-3wZZhjg

    Logo

    © 2024 Podcastworld. All rights reserved

    Stay up to date

    For any inquiries, please email us at hello@podcastworld.io