Logo

    stormfulle høgder

    Explore "stormfulle høgder" with insightful episodes like and "Festspelpodden: Stormfulle høgder" from podcasts like " and "Nynorsk no"" and more!

    Episodes (1)

    Festspelpodden: Stormfulle høgder

    Festspelpodden: Stormfulle høgder

    I høve Digitale festspel 2020 presenterer vi denne samtalen med Ragnar Hovland og Øystein Vidnes som har gjendikta klassikaren «Stormfulle høgder», skriven av Emily Brontë. Anna Kleiva tek oss med inn i prosessen og gjer oss betre kjend med boka.

    Kleiva møtte Ragnar Hovland i studio i Oslo, medan Vidnes blei kopla på frå kontoret sitt i Leikanger.

    Ragnar Hovland (f. 1952) er forfattar og omsetjar som har skapt eit tekstunivers der det konkrete og det mytiske, det kvardagslege og det absurde vert kopla saman. Les meir hos Allkunne.

    Øystein Vidnes (f. 1976) er forfattar og formgivar, omsetjar og bokmeldar. Bøkene hans har ein humoristisk og eksperimentell stil, på grensa til det surrealistiske. Les meir hos Allkunne.

    Anna Kleiva (f. 1985) er lyrisk forfattar og omsetjar, og ho har markert seg med ei nyskapande poetisk stemme. I samband med Digitale festspel 2020 vil ho leie samtalen i to podkastar.

    Digitale festspel 2020 held fram til om lag 10. juli. Nye innslag blir publisert kvar veke på nynorsk.no, og du kan sjekke ut programmet når det passar for deg.

    Logo

    © 2024 Podcastworld. All rights reserved

    Stay up to date

    For any inquiries, please email us at hello@podcastworld.io